" This is a collection of essays about the Norwegian ballade, but it also includes ballads from the other Nordic countries. Many perceive the Norwegian ballad as something very close to what is considered the Norwegian soul, however the genre of the ballad dates back to the 1100 century in Europe. In the first essay the author will shed light on the duality of the origin of the ballad. In the second essay, the author writes about the Norwegian ballade, where they arose, how they lived on and looks into what kind of tradition they represent. Trolls and ballads are topics of the third essay, and in the fourth essay the author takes a closer look at two Danish song- and ballad books, namely Hundreviserboka by Anders Sørensen Vedel and the sequel, Tohundreviserboka, by Peder Syvs.
The fifth essay is about ballads and identity. A central question being asked here, is how both poets and tradition help establish the identity of the actors in the ballade. Furthermore, sixth essay focuses on mythical nature in ballads. The so-called jester ballads (Skjemteballadar), have long been invalidated by researchers. In the seventh essay, however, the author presents these ballades in relation to theories of comedy and laughter. Finally, the eighth essay the author presents some central European ballads." "Denne boka er ei essaysamling om den norske balladen, men handlar også om balladar (folkeviser) frå andre nordiske land. Mange oppfattar den norske balladen som noko av det norskaste som finst, nærmast eit uttrykk for folkesjela. Men balladesjangeren har europeiske røter, dei går attende til 1200-talet. Denne problemstillinga drøfter forfattaren særleg i det første essayet.
I det andre essayet skriv forfattaren om dei norske balladesongarane, kvar dei kom frå, korleis dei levde, kva for tradisjon dei representerte. Det tredje essayet handlar om troll og balladar, og i det fjerde essayet ser forfattaren nærmare på to danske vise-og balladebøker, den såkalla Hundreviseboka, utgjeven av Anders Sørensen Vedel (1591) og Peder Syvs oppfølgjar Tohundreviseboka (1695).
Det femte essayet handlar om identitet og balladedikting. Eit sentralt spørsmål her er korleis balladediktarane og tradisjonen byggjer opp identiteten til aktørane i balladen. Vidare i det sjette essayet skriv forfattaren om naturmytiske balladar. Det sjuande essayet handlar om ei gruppe viser som lenge vart underkjende av forskinga, skjemteballadane. Her trekker forfattaren fram nokre representative skjemteballadar og skjemteeventyr, desse tekstane blir drøfta på bakgrunn av teoriar om komikk og latter. I siste del av 1700-talet vart dei gamle folkevisene gjenoppdaga av eit nytt litterært publikum, og det vart i mange land dikta kunstballadar som bygde på den gamle tradisjonsdiktinga. I det åttande essayet drøfter forfattaren nokre sentrale kunstballadar frå fleire europeiske land, blant dei viser som ettertida har forvist til skillingsvisekategorien."
|